"FLAKS - ein heil dag med sjonglering"
Publisert: 08.09.2010 skrive av: Ingrid Marie Høie Torgersen
Onsdag 8.september var me så heldige at me hadde besøk av sjonglørane Anders Meland og Lars Tønnessen. Det blei ein dag full av godt humør, sjonglørballar, diabola og flowersticks. Med andre ord: ein dag me seint vil gløyma!
Gløymde kler
Publisert: 05.09.2010 skrive av: Gerhard Sævareid
Gløymde kler
Me vil på nytt minna foreldra om at det ligg store mengder med gløymde kler på skolen. Me kan nemna fine ytterjakker, skor, nye skeiser, handkler o.s.v.
Det er ikkje lenge sidan me hadde ei liknande oppsamling utan me kunne finna eigaren til dei fleste tinga. Då blei restlageret sendt til Ukraina.
Det er som sagt store verdiar som ligg å ventar på eigaren. Me vil oppfordra foreldra til å ta turen innom skolen for sjå gjennom lageret.
Det er og viktig å skapa gode haldningar hos våre barn og læra dei å ta vare på tinga sine.
Me vil oppfordra foreldra til å merka kler og skor elevane brukar.
Me har funne ein nettstad der de kan kjøpa merkelappar som kan strykast på kler og limast på gjenstandar. Det vil hjelpa oss i arbeidet med å finna rett eigar.
http://www.navnelapper.no/navnelapper.no/
Endeleg ny kjøkkeninnreiing på skolekjøkkenet
Publisert: 04.09.2010 skrive av: Rektor
Mattilsynet var på besøk på Sevland skole i 2009, og skolen fekk avvik på standarden på skolekjøkkenet. Både skuffer, skåp og benkeplater er frå byggjeåret 1974, og ber tydeleg preg av alderen. Eigedomsavdelinga står no klar til å setje inn ny innreiing, montere kjøkkenventilasjon og skifte ut det gamle golvbelegget.
Nasjonale prøver hausten 2010.
Publisert: 02.09.2010 skrive av: Gerhard Sævareid
Datoar for nasjonale prøver 2010
Det er snart tid for gjennomføring av nasjonale prøver for skoleåret 2010. Det er 5. trinnet som skal ha nasjonale prøver dette året og.
Sevland skole er dessutan trekt ut til å vera med på pilotering av dei nasjonale prøvene i rekning. Pilotering er utprøving av den nasjonale prøven som kjem seinare dette skoleåret. Piloteringa blir gjennomført i veke 36. Det er viktig at elevane er motiverte til denne oppgåva.
Her finn de oversikt over datoane for prøvene.
Smartboard i norske klasserom
Publisert: 01.09.2010 skrive av: Gerhard Sævareid
Smartboard - på full fart inn i klasseromma
Skolane i Karmøy har det siste året kjøpt ein del interaktive tavler.
Smartboard er den typen som skolane har valt som den beste løysinga.
Me har kjøpt 2 stk Smartboard-tavler til vår skole. Dei vil bli tatt i bruk på 1. og 6. steget. Smartboard har framtida for seg i norske klasserom, men dei er framleis dyre i innkjøp. Me har likevel sett oss som mål å kunna kjøpa ei tavle pr. år framover. Målet må vera at alle klasserom har dette utstyret om ikkje så alt for mange år. Det er etter kvart blitt utvikla mykje god programvare for denne typen interaktive tavler.
Sjå fleire artiklar >>